Ungdommen er framtida
Under har eg samla 10 ulike bilder som viser unge i 20åra.
Det er tross alt desse unike menneska som er ein del av dei som skal ta over i framtida

Marija Rinkeviciute
Bilde 1: Makt
Her bruker eg naturlig lys med ISO 400. Modellen er plassert i ein bestemt posisjon med seriøst ansiktsutrykk.
Bak modellen spegler noko ein kan tolke som ein maktbyggning. I framgrunnen av bygget er det jernstenger, noko som er bevisst og kan skape ein tolkning av makt.
Siden modellen står foran jernstengene kan bodskapet vere kvinner i makt.
Amund Glad Østensen
Bilde 2: Tidløs kjærlighet
På ein tom metro finner vi neste modell. Han sitter lent inntil vinduet som skaper gjenskinn. I lag med den kvite stripa utenfor som matcher lyset i taket, fanger det ansiktet hans i vinduet.
I lag med ein allerede gul metro og ISO 800 blir bildet gult og er, i lag med stilen hans, med på å gjere bildet tidløst.
Øyekontakten og det drømmende blikket gir eit romantisk preg. Med hjelp av den gule effekten kan ein seie at bodskapet er tidløs kjærlighet.


Helene Stemland
Bilde 3: Høst
Trærne har gule og grønne blader, som også er strødd over bakken, viser tydelig tegn til høst. I ein solfylt park sitter modellen med vinterjakka på, for no blir det kaldere. Lyset gir skygge i ansiktet.
Årstidene forandrer seg, noko som vi også gjer med den. Med trær på venstre og høgre side i bakgrunnen gir det oss ein symmetri der modellen i framgrunnen smiler frå øre til øre. Budskapet er at vi bever oss framover og tiden går.
Daniel Vygovskyy
Bilde 4: Utdanning
Modellens ansikt er mellom to objekt. Den røde flaksa, med Kristiania logo, og ein pc fanger ansiktet hans i midten.
Med ISO på 1600 og taklys får bildet eit naturlig varmere preg. Bildet er tatt nedenfra og opp, noko som ofte er brukt i virkemiddel om makt. I dette tilfellet er modellen konsentrert.
Budskapet er, på grunn av Kristiania logoen og studering på pc, om utdanning og korleis dagens ungdom føler på meir press når det kjem til prestasjon


Tiril Gustavsen Nes
Bilde 5: Pause
Bildet er tatt av modellen som ligg på ein platting med augene igjen. Nasjonaldrakten er på for ein viktig dag, og ein ser bunadssøljen i halsen.
I lag med dei røde kinnene og solbrillene viser det til ein varm dag, med mykje sol og naturlig lys. Det er derfor brukt ISO 400.
Det er lov å ta pauser i bandt og budskapet i bildet viser til dette, sjølv på dei store dagene.
Antonio Raphael Abellera Morales
Bilde 6: Fasade
Med ISO på 1600 får bildet eit spesielt preg. Med berre svarte klede kjem ansiktet tydelig fram. Skyggen markerer kinnbeina og ansiktet blir meir definert.
På hua står det «comme des fuckdown». Dette er ein merkelogo, men kan for det ukjente auge vere ein meir aggressiv betydning. Med det grønne nødskiltet i bakgrunnen kan budskapet tolkes på fleire måtar. Han har derimot eit avslappa ansiktsutrykk og med brillene blir han ein mindre trussel.
Med den opplyste veggen bak, blir det mørke i framgrunnen meir sentralt og blikket går fort til ansiktet. Hua er med på å skape budskapet om at det finnes meir bak fasaden.


Olivia Røren Ugulsvik
Bilde 7: Gjensynsglede
På ein heimfest finner vi ein glad modell. Bildet av Olivia er tatt med eit digitalt kamera. Blitz blir brukt i den mørke gangen, som får fram mykje lys og detaljer i ansiktet, i tillegg til dei blåe auga.
Ansiktet kjem tydelig fram og skaper kontrast frå den mørke bakgrunnen.
Ho smiler bredt og viser tydelig glede mot kamera. I bakgrunnen ser ein svakt ein kleshenger, med ei jakke som blir heng på plass. Dei er nettopp ankomne og er klare for moro. Gjensynsgleden blir då bodskapet
Ole Løveid
Bilde 8: Forelesning
I ein forelesningssal sitter neste modell. Ole gir eit smil til kamera etter instruksjoner om å gi meir.
I bakgrunnen ser vi to personer som gir ein viss symmetri, i tillegg til objektene på pulten. Gutane bak er meir uklare som gjer at modellen kjem tydligare fram.
Taklyset kjem ovanfrå, i tillegg til ISO på 1600. Dette gir ein gul tone som eg liker godt og gir bildet ein varmare effekt.
Til tross for den travle eksamenstiden og forelesningar er det godt å vere snart ferdig, noko som smilet er med på å bygge opp, og bodskapen bygger på.


Synne Merethe Moen
Bilde 9: Jul i vinterland
På dette bildet er modellen på jul i vinterland. På den mørke kvelden og ISO på 3200 får bildet eit varmere preg på den kalde kvelden. Det røde karamelliserte eple gir gjenskinn og tar fort fokus i tillegg til dei store billene.
Modellen ser inn i kamera godt pakket inn i eit skjerf, med eit tomt blikk. På sidene bak har ho to boder og står i midten, noko som skaper symmetri.
Budskapet kan vise eit varmt bilde med ein kald realitet
Thien Quang Le
Bilde 10: Avhør
Modellen sitter i eit mørkt møterom på Chateu Neuf. Den røde døra, murveggen og det gule lyset frå høg ISO, 3200, er med på å gje bildet eit gult preg med mystisk stemning.
Han sitter bevist under eit sterkt taklys som gir gjenskinn i ansiktet. Det seriøse ansiktsuttrykket og det sterke lyset, minner om eit avhør, og ein kan tolke det modellen tenker.
Med den røde bakgrunnen kan ein bruke virkemiddel som blod. Budskapet er utrett i avhør.
