Om eg skal beskrive meg med tre ord ville eg sakt kreativ, eventyrlysten og positiv. Eg elsker å prøve nye ting og utfordre meg sjølv, men først ein introduksjon:
Eg heiter Ragnhild Nyhammer og er journaliststudent i Oslo, på Høgskulen Kristiania. Eg er født i 2004, og flytta til denne store byen i 2024 for å studere.
Eg er oppvokst på Ostereidet utenfor Knarvik, på Vestlandet. På vidaregåande gjekk eg i Sogndal, og deretter folkehøgskulen på Stord, ved linja Film og TV.
Første semester i Oslo meldte eg meg inn i Radio Nova, den største studentradioen i Norge. Her er eg med i matkanalen Umami, der vi snakkar om alt innan mat og prøvesmaker det meste, som tarantella ..
Som medlem av radioen lærer eg mykje om det tekniske som redigering og filming, samt det sosiale med å teste nye ting, vere kreativ og gå ut av komfortsona.
Det å gå på Kristiania har også vert med på å styrke kunnskapen min. Her har eg lært om presseetikk, redigering, In Design, foto og korleis å skrive ulike artiklar. I tillegg til å vere med å styre Kristianias avis, OsloNytt, der vi skreiv og publiserte eigne saker.
Som samfunnsengasjert, oppvokst i Strileland og medlem av Norsk Målungdom synst eg det er viktig å bevare nynorsken og prøver å halde på den. Det eg bryr meg mest om er rettferdighet og likestilling, serleg for kvinner og minioritetar.
Eg blei med i Radio Nova for å uttrykke det eg meiner, og eg utdannar meg som journalist for å fortelle andre sin historie.
Eg elsker å reise
Når eg var ung prioriterte mamma å reise rundt i verden, enn den klassiske turen til Granka. Dette gjorde at eg fekk reise på interrail tur i alder av 11 eller til Cuba når eg var 12 . Dette har vert med på å blomstre mitt engasjement for å sjå ulike deler av verden og ikkje berre solfylte strender med andre skandinavere.